- Provoserande

Stortingsrepresentant Jenny Klinge seier til Rbnett at ho er opprørt og provosert over vendinga denne saka no har teke.

Tommel ned for nye rettslokaler

Nye lokaler for domstolene i Molde likevel ikke prioritert – sorenskriveren overraska og skuffa.

– Molde var nær ei løysing med nytt tinghus. Når dette glapp, må regjeringa få på plass ei kontrakt for leige av lokale, seier Klinge.

Ho etterlyser engasjement for saka, og poengterer at retten i Molde er i særstilling når det gjeld behov for å få orden på lokalitetane.

– Det er dårleg gjort å behandle folk på denne måten. Det er kritikkverdig både med tanke på arbeidsforhold for tilsette, men også i høve til tryggleik for dei som må bruke retten, seier Klinge. Ho nemner særleg ventelokala, der det ikkje er høve til åtskilt venting for tiltalte og fornærma.

Klinge vil følge opp med å stille spørsmål til den nye statsråden om saka.

– Fryktar du at det ligg ønske om sentralisering bak den nye beskjeden?

– Fleire har vore redd for det, men eg kan ikkje sjå for meg samanslåing. Både Molde, Kristiansund og Ålesund treng å ha rettsinstansar slik dei har, og dei må alle ha forsvarlege lokale. Dette skal vi kjempe vidare for, seier Klinge.

Tagger: Nyheter Molde Politikk

About the author /